top of page
  • Forfatterens bildeRonny Mjelva

Ny kvardag for Carl

Ein liten boks på brillestanga har revolusjonert studiekvardagen til Carl Aller (23). For fyrste gong kan han lese til eksamen utan å bli så sliten at han spyr.


Studenten frå Asker er dyslektikar og har slite med lesing heile livet. Likevel er han i full gang med bachelorstudiar ved Universitetet i Søraust-Noreg, campus Bø. Carl går andre året på idrettsvitskap med hovudfokus på aktivitet og fysisk helse. Målet er å bli gymlærar eller jobbe med livsstilsendring og trening for overvektige.


Les seg sjuk

Utdanninga han er i gang med er minst tre år. Nå er han snart gjennom dei to fyrste. Det har kosta mykje slit og smerte.


– Eg har sterk grad av dysleksi og har prøvd alt det universitetet har tilbydd av hjelpemiddel, fortel Carl.


Det har han hatt meir eller mindre utbytte av. Å lesa til han får hovudverk og etter kvart kastar opp, har vore kvardagen for studenten.


I vår har han for fyrste gong lese til ein eksamen utan slike problem. Nokon i familie heime i Asker fekk høyre om hjelpemiddelet OrCam MyEye, og Carl fekk teste det ut.


– Fyrste veka eg fekk brillene skulle eg levere ei oppgåve. På ei veke las eg fleire sider enn eg hadde gjort dei fem vekene før.


Dette er fyrste eksamensperioden eg har lese utan å vera sliten i kroppen på kvelden. Nå kan eg sitte i ti timar, seier Carl.


Dings på brilla

Vedunderet er ein liten oppladbar dings som er festa på stanga til eit par briller utan styrke. Dingsen har kamera og innebygd høgtalar. Ei stemme les høgt det som står skrive der Carl ser og brillene peikar. Når han løfter handa, stoppar stemma. Skal noko repeterast, peikar han med fi ngeren der høgtlesinga skal byrje og løfter handa når det skal stoppe.


– Eg har prøvd mykje forskjellig. Det meste er tungvint og ein må sitte ved ei datamaskin. Med desse brillene treng eg ikkje det.


– Du må hugse alt du høyrer?


– Ja, men for meg som dyslektikar er ikkje det eit problem. Høyrer eg det ein gong, så har eg

det, seier Carl.


Eit problem har han opplevd.


– Sit eg med beina i sofaen og les utan sokkar, kan det stoppe opp fordi brillene trur foten er ei hand, seier Carl og ler.

bottom of page